Novelainvestorar i PE Bjørdal
SATSA PÅ PE BJØRDAL: Over 20 investorar gjekk inn i PE Bjørdal gjennom investeringsselskapet Novela Capital I. Fleirtalet frå Nordvestlandet. Frå øvst til venstre, til nedste rad til høgre: Arild Bødal, Anja Solevågseide, Frank Reite, Astrid og Solveig Strand, Sturla Steinsvik og Rita Sævik.
Nytt

Tapte over 30 millionar

Ei rekkje investorar på Nordvestlandet satsa på konkursråka PE Bjørdal.

25.05.2023

Investeringsselskapet i Ålesund er blant taparane etter konkursen i Ørsta-bedrifta.

Novela Kapital I blei 36,5 prosent eigar av PE Bjørdal i 2020, etter å ha gått inn med 24,3 millionar kroner i ny eigenkapital i industribedrifta i Ørsta.

Novela Kapital I blir forvalta av rådgivingselskapet Converto i Ålesund, og investeringa i PE Bjørdal var den største investeringa i Novela-systemet.

Forventingane var store då investeringa blei gjort.

"PE Bjørdal er en spennende og lokal bedrift i en viktig vekstnæring. Vi investerer her i et sterkt team og vi ser et stort potensial for løsningene de leverer innen fiskeri og havbruk", sa dåverande leiar for forvaltning av Novela Kapital Christer Valderhaug i ei pressemelding.

Konkurs med gjeld på 87 mill.
Onsdag melde styret i PE Bjørdal at selskapet går til skifteretten og ba om oppbod. Torsdag kom det fram at selskapet har ei gjeld på 87 millionar, og verdiane er anslått å vere på kring 62 millionar kroner.

Over 75 tilsette blir råka av konkursen.

PE Bjørdal var spesialist på fabrikkar for ombordproduksjon av sjømat. I tillegg laga dei utstyr for oppdrettsnæringa.

Gjekk inn med meir pengar
Tidlegare i år gjekk eigarane i PE Bjørdal inn med meir pengar i bedrifta, for å berge bedrifta ut av krisa.

Fiskeindustrileverandøren har møtt motbør på fleire frontar det siste året. Først kom bortfallet av kontraktar med russiske kundar, tap på større prosjekt og at oppdrettsmarknaden tørka inn etter varsel om grunnrenteskatt.

NETT NO har tidlegare anslått at emisjonen i år var på omlag 25 millionar kroner. Dei eksisterande eigarane gjekk inn med pengar og opprettheldt sin eigarandel, ifølgje selskapet.

Det betyr at Novela Kapital I sin andel av den siste kapitalutvidinga var omlag ni milllionar kroner - og at selskapet samla har investert omlag 33 millionar i PE Bjørdal.

Over 20 investorar er medeigarar i Novela Kapital I. Fleirtalet har adresse på Nordvestlandet.

Aksjonærane i Novela Kapital I as. (Eigarane i parantes):

Camar as (John Arild Ertvaag og familie), 17 prosent
Sparebanken Møre
15 prosent
Converto Holding as
(Frank Reite er største eigar) 14,45 prosent.
Sparebank1 SMN
Invest 8,5 prosent
Invest 24 as
(Arild Bødal, Sandbakk- og Birkelandfamiliane, som grunnla Norva24) 6,8 prosent
Varig Forsikring Nordmøre og Romsdal Gjensidige
4,25 prosent
Delfin Invest as
(Knut Teige og familie) 4,25 prosent
Ajea Invest as
(Asbjørn Solevågseide, Anja Solevågseide, Emma Magrit Herbrik) 3,4 prosent
Hustadlitt as
(Stein Sturla Steinsvik og familie) 3,358 prosent
Largo Invest as
(Arne Skaaland Sætremyr) 2,55 prosent
Kings Cross as
(Rita Christina Sævik) 2,55 prosent
Novela as
2,27 prosent
Lapas as
(Leif Arne Langøy og familie) 2,21 prosent
Stette Invest as
(Peder Stette, Else Stette Stenseth, Per Martin Stette) 2,023 prosent
Stolten Invest as
(Botholf Stolt-Nielsen) 1,7 prosent
Teia Invest as
(Esben Flo) 1,7 prosent
Strand Havfiske as
(Janne Strand Aasnæs, Elisabeth Strand) 1,7 prosent
Tomabell as
(Arild Aarvik) 1,275 prosent
Høgnabben as
(Ole-Reinhart Notø og familie) 0,85 prosent
Ebic as
(Geir Robin Hoddevik og familie) 0,85 prosent
Bjørnholmen Invest as
(Øyvind Tørlen) 0,85 prosent
Strand Fiskeriselskap as
(Solveig Strand, Astrid Strand, Astrid Strand Marhaug, Hanne Strand Marhaug) 0,85 prosent
Ronja Capital I as
(Roger Halsebakk og familie) 0,68 prosent
Harvie as
(Håvard Sætre) 0,51 prosent
Toka Invest II
as (Tore Ulstein) 0,425 prosent

Publisert: 25.05.2023 12:11

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:24

Mer om