Kort fortalt

Peab i konkurranse om E6-oppdrag

Er ein av fire konkurrentar om motorvegutbygging i Trøndelag,

22.12.2022

Peab Anlegg er eitt av tre selskap i eit arbeidsfellesskap som konkurrerer om å få bygge motorveg på E6-strekninga mellom Berkåk og Soknedal. Dei to andre partnarane i arbeidsfellesskapet er Leonard Nilsen & Sønner AS og rådgiver Dr. Ing. A. Aas-Jakobsen AS.

Det statlege vegutbyggingsselskapet Nye Vegar har prekvalisert fire tilbydarar til å konkurrere om utbygginga.

Dei tre andre konkurrrentane er:
Arbeidsfellesskapet Skanska Norge AS – Johs J. Syltern AS med rådgiver Rambøll Norge AS.
Arbeidsfellesskapet Veidekke Entreprenør AS – Berthelsen & Garpestad AS med rådgiver Sweco Norge AS.
Hæhre Entreprenør AS med rådgiver Cowi AS.

Bygging av den 15 kilometer lange strekninga er rekna å koste 2,4 milliardar kroner. Vegen skal stå ferdig i 2027.

Publisert: 22.12.2022 14:13

Sist oppdatert: 22.12.2022 14:21