Kort fortalt

Pengar til Rønneberghuset

Får 550.000 frå Kulturminnefondet.

11.06.2020
Eigarane Inger-Anne Almestad og Thorstein Jenssen av Rønneberghuset på Larsnes er tildelt 550.000 kroner i støtte frå Kulturminnefondet.
Det blir i ei pressemelding vist til at Rønneberggarden ligg sentralt plassert på Larsnes i Sande kommune og er ein av dei eldste handelsstadane på Sunnmøre.
Garden kan sporast tilbake til 1600-tallet. Christoffer Rønneberg, som opphavleg eigde staden, kom til Sunnmøre fattig som ei kirkerotte, men i 1824 døde han som amtets rikaste etter fiskehandel og oppkjøp av alt frå husmannsplasser og kyrkjer
Dagens eigarar kjøpte staden i 2015, og starta då å setje i stand staden, til slik det opprinneleg var.
Hovedhuset er no i bruk som selskapslokale. No skal eldhuset og stabburet setjast i stand.
- Vi ser at framtidig bruk er avgjerande for bevaring. Ny bruk som næringsutvikling i eit kulturhistorisk miljø gir mulegheiter for å halde kulturmiljøet i stand også i framtida, seier Simen Bjørgen, direktør for Kulturminnefondet, i pressemeldinga.

Publisert: 11.06.2020 07:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26