Kort fortalt

- Permitterte burde få lov til å jobbe

Det meiner Virke.

30.04.2020
NPK-NTB: Permitterte tilsette burde kunne jobbe medan dei får dagpengar, meiner Virke.
I ei medlemsundersøking svarer fire av ti medlemsverksemder i handels- og tenestenæringa at dei har arbeidsoppgåver som permitterte tilsette kan utføre, men at dei ikkje har råd til å ha dei i jobb, opplyser Virke i ei fråsegn.
No ber hovudorganisasjonen regjeringa om å innføre ei mellombels ordning for aktiv permisjon.
– Virke meiner ei god løysing er at tilsette kan vere i jobb og framleis få fulle dagpengar, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen i Virke.
Dei foreslår òg at tilsette som bruker arbeidstida på kompetanseheving, også kan få dagpengar.
– Dette er ei relativt enkel løysing som ikkje inneber auka kostnader for staten, men samtidig kan få i gang nødvendig planlegging av verksemd, og innovasjon og omstilling, seier Kristensen.

Publisert: 30.04.2020 12:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27