Kort fortalt

Permitterte slepp trekk i forskot

Vert innført frå fredag.

20.05.2020
NPK-NTB:Frå fredag slepp koronapermitterte inntil vidare å få trekk i dagpengar for forskot dei har fått, sidan regjeringa endrar praksisen med trekk i dagpengar.
Praksisen blir endra med umiddelbar verknad, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen til .
– Trekk i dagpengane for å betale tilbake forskot blir sette på pause inntil vi får ordninga med lønnskompensasjon (for dag 3-20) på plass, seier han.
Det inneber at det ved utbetaling av dagpengar ikkje blir lagt inn trekk for forskota som permitterte har fått utbetalt. Per 11. mai hadde det vorte utbetalt om lag 2,7 milliardar kroner gjennom ordninga.

Publisert: 20.05.2020 07:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27