NPK-NTB: Fellesforbundet må i utgangspunktet streike åleine dersom partane ikkje blir samde om nye reglar for reise, kost og losji. Men ein sympatistreik kan følgje.
Med bistand frå riksmeklar Nils Dalseide og medmeklar Kine Steinsvik har LO og NHO dei siste dagane diskutert korleis lønnsoppgjeret i år skal gjennomførast. Søndag vart det etter det NTB erfarer i realiteten oppnådd semje.
Oppgjeret blir som LO ønsker samordna for første gong på ti år. Det inneber at LO og NHO sentralt forhandlar om eit resultat som vil bli bindande for alle enkeltforbund og medlemsorganisasjonar.
NHO ville i utgangspunktet berre akseptere ei slik løysing dersom dei andre LO-forbunda vart nekta streikerett på Fellesforbundets særkrav om nye reglar for reise, kost og losji.
Semja inneber at arbeidsgjevarorganisasjonen i utgangspunktet har fått gjennomslag for dette. Men det blir understreka at det er høve til å gjennomføre sympatiaksjonar i samsvar med reglane i Hovudavtalen.
Dermed får andre LO-forbund høve til å gå til sympatistreik med Fellesforbundet, men reglane tilseier at dette først kan skje fjorten dagar etter at eit varsel er gitt.
Lønnsforhandlingane startar måndag 12. mars klokka 13. Partane tar sikte på å avslutte forhandlingane 22. mars. Meklingsfristen er sett til midnatt 7. april. Eit forhandlingsresultat skal ut på uravstemming. I Fellesforbundets tilfelle blir det snakk om to uravstemmingar, som skal haldast samtidig.
Betre pensjon, høgare lønn og krav knytt til kost, losji og reise er overskriftene frå arbeidstakarorganisasjonane framfor lønnsoppgjeret.
LO krev at det organisasjonen beskriv som hol i AFP-ordninga blir tetta, og tilleggsordningar for slitarane og dei som ikkje klarer å stå i jobb lenger enn til 62 år. På toppen kjem krav om pensjonsopptening frå første krone, for alle stillingsbrøkar og frå 13 år. LO krev vidare reallønnsauke for alle, og at arbeidsgivar dekkjer meirutgifter til kost, losji og reise for arbeidstakarar som blir sende på oppdrag.
At LO skulle lande på eit samordna oppgjer var ikkje opplagt. Det mektige Fellesforbundet vedtok tidlegare i vinter at dei ønskte eit forbundsvist oppgjer for å kjempe fram si hovudsak – krav knytt til reise, kost og losji.
Men samordna blir det altså, sjølv om oppgjeret er ein hybridvariant som det ikkje tidlegare har vore praksis for.

Publisert: 05.03.2018 14:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39