Kort fortalt

Plankekøyring for Havila-planen

Restruktureringa ferdig 20. februar.

23.01.2017
Under den ekstraordinære generalsforsamlinga i Havila Shipping onsdag, var det tommelen opp for alle deler av restruktureringsplanen for selskapet.
Om alle atterhald vert løfta som føresett, forventar selskapet at restrukureringa vil vere gjennomført 20. februar, med registrering av kapitalendringane seinast 28. februar.
I frå selskapet vert det opplyst at den vedtekne reparasjonsemisjonen er planlagt gjennomført rett etter at dei øvrige kapitalendringane er på plass.
Havila Shipping er onsdag av vinnarane på børsen. Aksjen har på det høgste vorte handla til 1,58 kroner, men er klokka 13:40 omsett til 14,49 kroner, ein auke på knappe 15 prosent frå tysdag.
Aksjen vil verte handla utan teikningsrettar frå og med torsdag.

Publisert: 23.01.2017 09:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43