Kort fortalt

Politiet legg vekk rekordmange saker

Viser til manglande kapasitet.

06.10.2021

I fjor vart 18.565 saker lagde bort på grunn av manglande saksbehandlingskapasitet. Sidan 2016 er talet meir enn dobla. Samtidig går oppklaringsprosenten ned.

Dei 18.565 bortlagde lovbrota i koronaåret 2020 på grunn av manglande saksbehandlingskapasitet svarer til ein auke på 44 prosent frå 2019, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

I 2002, som er det første året SSB har tal for, var det 4.113 saker med denne grunngivinga som blei lagde bort.

I alt vart etterforskinga avslutta for 297.488 lovbrot i 2020, som er rundt 9.400 fleire enn i 2019. Etterforskinga medførte 145.824 siktingar overfor 69.886 gjerningspersonar. Oppklaringsprosenten enda på 48 prosent. Det er den lågaste delen sidan 2013.

I fjor var 14 personar per 100.000 innbyggjarar sikta i ei sak. Dei 1.750 gjerningspersonane som vart tekne for ti eller fleire lovbrot, utgjer berre 2,5 prosent av alle sikta, men ut frå siktingane har dei gjort seg skuldig i meir enn ein femdel av alle dei oppklarte lovbrota.

Publisert: 06.10.2021 10:19

Sist oppdatert: 06.10.2021 10:21