(NPK-NTB): 300.000 nordmenn melder om sjukefråvær frå jobb eller utdanning i pollensesongen, ifølgje ei undersøking Allergiguiden har fått gjennomført.
11 prosent av dei spurde fortel om opptil 20 sjukedagar i året på grunn av pollenallergi, noko som kan svara til opptil 660.000 tapte arbeidsdagar i pollensesongen, viser ei undersøking gjennomført av analysebyrået YouGov på vegner av Allergiguiden.no.
– Allergimedisin har blitt meir effektiv dei siste åra, og det finst god hjelp å få. Rett behandling kan gjera at ein går våren og sommaren lyst i møte samtidig som det også kan bidra til lågare sjukefråvær, seier Sverre Steinsvåg avdelingsleiar ved øyre-nase-hals-avdelinga ved Sørlandet sjukehus.
Ei undersøking gjennomført av Sintef på vegner av NHO kalkulerer med at ei veke sjukefråvær i gjennomsnitt kostar bedriftene 13 000 kroner i tapt produksjon og auka kostnader, då er ikkje lønskostnader i arbeidsgjevarperioden inkludert i reknestykket. (©NPK)

Publisert: 09.05.2016 15:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46