Kort fortalt

Postomberinga kutta 40 prosent

Får posten berre annankvar dag.

08.06.2020
NPK-NTB: Frå 1. juli vil Posten redusere postomberinga frå fem dagar i veka til annankvar dag.
Fallande brevvolum og digitalisering er bakgrunnen for reduksjonen i talet på omberingsdagar. Avisutdelinga vil likevel framleis gå føre seg seks dagar i veka, og post i butikk vil gå som før.
Avdelingsdirektør Hans Jørgen Enger i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit forklarer at formålet er å tilpasse tilbodet, slik at folk og næringsliv framleis skal ha eit godt posttilbod over heile landet.
– Postombering annankvar dag er betre tilpassa etterspurnaden i framtida etter posttenester, seier Enger i ei .

Publisert: 08.06.2020 15:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26