Kort fortalt

Prioriterte ikkje gründerselskap

Skulle drive utdanning i anleggsbransjen.

Marius Rosbach
27.09.2021

Manglande tid til å prioritere selskapet, gjorde at gründerselskapet Anleggskompetanse, aldri kom skikkeleg i gong. Det kjem fram av sluttberetninga til Møre og Romsdal tingrett frå bustyrar Christian Garman.

Tingretten innstilte nyleg bubehandlinga for Sula-bedrifta, som hadde planar om å utvikle ein «simulator og liknande for utdanning og trening i anleggsbransjen», heiter det i rapporten.

Firmaet blei starta i 2016 og det er ikkje registrert driftsinntekter i rekneskapane til selskapet i løpet av desse fem åra. Ifølgje beretninga frå bustyrar har dei heller knapt hatt utgifter, og det meste av gjelda er innskott frå aksjonærar.

Publisert: 27.09.2021 09:13

Sist oppdatert: 27.09.2021 09:16

Mer om