Kort fortalt

Prisvekst og ressursmangel i industrien

Leiarane er likevel optimistar.

21.07.2022
(NPK-NTB): Industrileiarar melder om auka aktivitet i andre kvartal. Dei fleste industrileiarane ser lyst på dei kommande månadene, men delen optimisme har vorte mindre.

Norske industrileiarar melder om auka produksjon og vekst i prisar i andre kvartal i år. Framleis er det mange som har mangel på arbeidskraft og ressursar, ifølgje SSBs konjunkturbarometer.

Dei fleste industrileiarar ser positivt på dei kommande månadene, men delen har vorte mindre sidan førre undersøking.

Oppgangen i aktivitetsnivå og sysselsetjing er venta å halde fram. Det blir også rapportert at ordretilgangen er venta å auke vidare.

SSB skriv at den samla rapporteringa til industrileiarane signaliserer at veksten i tredje kvartal vil bli lågare enn i andre kvartal.

(©NPK)

Publisert: 21.07.2022 10:57

Sist oppdatert: 21.07.2022 10:59

Mer om