(NPK-NTB): Ved å overføre godsfrakt frå veg til sjø kan energiforbruket reduserast med minst 41 prosent og CO2-utsleppa med minimum 39 prosent, ifølgje ein ny rapport frå DNV GL.
Rapporten er bestilt av Norges Rederiforbund og blir lagt fram onsdag, skriv Finansavisen.
– Sjøtransporten er den mest klimavenlege transportforma. Det vil bli mindre køar, færre ulykker og redusert vegslitasje. Dette gjer godsoverføring til eit klima- og transportpolitisk kinderegg, seier Amund Drønen som er direktør for næringspolitikk i forbundet. Han hevdar at dei samfunnsøkonomiske innsparingane vil vere på 1,3 milliardar kroner kvart år.
Ei overføring av 5 millionar tonn gods frå veg til sjø er berekna å redusere CO2-utsleppa med 300.000 tonn per år. Det vil erstatte opp mot 300.000 langtransportar med lastebil årleg.
Det svarer til, ifølgje ekspertane til DNV GL, klimaeffekten av at 150.000 fossile personbilar i Noreg blir skifta ut med like mange elbilar. (©NPK)

Publisert: 20.01.2017 10:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43