Kort fortalt

Raud vekeavslutning på børsen

Oljegigantane svikta.

14.08.2020
NPK-NTB: Oljegigantane svika då hovudindeksen på Oslo Børs avslutta veka med ein nedgang på 0,7 prosent til 871,91 poeng.
Det vart i det heile ein rimeleg helraud dag på hovudindeksen. På omsetningstoppen gjekk det verst utover Equinor, som enda med ein nedgang på 2,4 prosent.
Telenor og Mowi måtte òg ta helg med raude tal. Selskapa enda ned høvesvis 1 og 0,6 prosent. Yara gjekk ned 0,5 prosent. Oljegigantane hadde heller ingen god fredag, og både Aker Solutions (-1,7), TGS (-1,5), Subsea (-1,3) og PGS (-3) gjekk ned.
NEL og Orkla heldt så vidt hovudet over vatnet og enda med ein svak oppgang på 0,1 prosent.
Dagens taparar vart Kongsberg Automotive, som fall med 5,3 prosent, og Norwegian, som enda med ein nedgang på 5,2 prosent. I andre enden av skalaen finn vi biofarmasiselskapet PCI Biotech Holding, som kunne glede seg over ein oppgang på 9,7 prosent.
Eit fat nordsjøolje vart fredag ettermiddag omsett for 44,86 dollar, ein nedgang på 0,5 prosent gjennom dagen.
Det vart òg ei raud avslutning på dei tonegivande børsane i Europa. DAX 30-indeksen i Frankfurt fall med 0,8 prosent, medan FTSE 100 i London gjekk ned 1,6 prosent. CAC 40-indeksen i Paris enda ned 1,5 prosent.

Publisert: 14.08.2020 17:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25