Kort fortalt

Raudt meiner EU-pakke må vente til etter valet

- Noko anna vil vere udemokratisk.

22.01.2025

(NPK-NTB): Regjeringa må ikkje innføre EUs fjerde energimarknadspakke utan at veljarane har sagt meininga si, meiner Raudt. Dei krev at saka må flyttast til etter valet.

Ifølgje fleire medium skal tre av direktiva til pakken opp til behandling i regjeringa torsdag. Det får Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen til å reagere.

– Om pakken skal innførast, må veljarane i det minste få seie sitt først. Noko anna vil vere udemokratisk. Pakken må rett og slett ikkje rushast gjennom før valet, skriv ho i ein e-post til NTB.

Martinussen seier saka ikkje vart diskutert noko særleg i førre valkamp. Det er alvorleg om Ap no gjer felles sak med høgresida og innfører delar av pakken før valet, meiner ho.

Raudt har i utgangspunktet eit klart standpunkt mot at Noreg skal innføre energipakken. Martinussen seier det framleis er primærpolitikken deira.

– Vi meiner det rettaste ville vere å leggje ned veto no og komme i gang med arbeidet for å ta kontroll over krafta og sikre stabile straumprisar til folk og bedrifter i Noreg, seier ho.

(©NPK)

Publisert: 22.01.2025 14:36

Sist oppdatert: 22.01.2025 14:36

Mer om