Fleire bebuarar på Larsnes reagerer i en reportasje i mot planane til Larsnes Mek. Verksted om å bygge en stor dokkhall.
De fortel til avisa at de sakna dialog om prosjektet både med Sande kommune og verftet. Dokkhallen vil bli opptil 130 meter lang, 33 meter høg og 40 meter brei, og bebuarane påpeiker at det vil føre til tapt utsikt frå sentrum.
– Kjem hallen, vil det rasere miljøet og føre til mindre bulyst. Eg har barnebarn som ønskjer å flytte hit, men dei ønskjer ikkje å flytte til eit verft, seier ein av dei, Bjørg Nordahl, til avisa.
Ordførar Olav Myklebust meiner dei har hatt ein god dialog med innbyggarane, og påpeiker at det mellom anna har vore folkemøte og moglegheit til å kome med innspel. Saka skal opp til behandling i kommunestyret tysdag neste veke.
Dagleg leiar Jarle Gunnarstein ved Larsnes Mek. Verksted vil ikkje uttale seg om saka til Sunnmørsposten.

Publisert: 24.04.2020 09:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28