Kort fortalt

Regjeringa forbyr cruise på Svalbard

Vil senke koronarisikoen ved øygruppa.

03.09.2020
(NPK-NTB): Det blir innført forbod mot gjennomføring av reiselivsaktivitetar i form av cruise på Svalbard, opplyser regjeringa.
– Smitte om bord på eit cruiseskip krev store ressursar for å avgrense utbrotet og medfører ei rekkje praktiske utfordringar. Dette gjeld særleg på Svalbard der cruiseverksemd inneber særskilde utfordringar både for helse- og redningsberedskapen. Derfor er det naudsynt med ei regelendring som senkar risikoen for eit liknande utbrot slik som på Hurtigruten, seier helse og omsorgsminister Bent Høie (H).
Forbodet gjeld ikkje dagscruise og cruise som blir starta og avslutta på Svalbard med fartøy som har inntil 30 personar om bord, og overnatting inngår som ein del av cruiset. Reglane vil i første omgang vare til 1. november.

Publisert: 03.09.2020 12:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25