Kort fortalt

Regjeringa legg fram plan for gjenopning

Pressekonferanse torsdag klokka 18. 

07.05.2020
(NPK-NTB): Klokka 18 torsdag legg regjeringa fram planen for korleis samfunnet gradvis skal gjenopnast.
Statsminister Erna Solberg har med seg fem statsrådar når ho skal leggje fram planen. Både helseminister Bent Høie, kunnskapsminister Guri Melby, barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad, forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim og kulturminister Abid Raja deltek.
Regjeringa har halde daglege pressekonferansar klokka 16 om koronasituasjonen dei siste vekene. Torsdag blir pressekonferansen halden to timar seinare, klokka 18, etter ein regjeringskonferanse.
Det er venta at tidspunkt for skuleopning for dei eldste elevane og nye avklaringar for idretten skal presenterast.
(©NPK)

Les også:


Publisert: 07.05.2020 08:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27