(NPK-NTB): – Det vart varsla at endringa ville kome i samanheng med eit opplegg for kommuneøkonomien i kommuneproposisjonen for 2021. Regjeringa varslar no at ein tek sikte på å redusere den maksimale eigedomsskatten for bustad og fritidsbustad frå 2022, heiter det i revidert nasjonalbudsjett.
Skattesatsen skal kuttast frå 5 til 4 promille.
Framstegspartiets finanspolitiske talsperson Sylvi Listhaug reagerer kraftig på opplysningane.
– Det er heilt uaktuelt for oss å støtte å utsetje kutt i eigedomsskatten. Eigedomsskatten rammar både vanlege folk og bedrifter, seier Listhaug.
– Dette var eit viktig gjennomslag for Frp som regjeringa no vel å nedprioritere. Vi kjem til å stå hardt på at kutta i eigedomsskatten skal gjennomførast som planlagt, åtvarar ho.
Budsjettet blir lagt fram seinare tysdag.
(©NPK)

Publisert: 12.05.2020 10:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27