Kort fortalt

Reiselivet får draghjelp

- Situsjonen er kritisk.

05.05.2020
NPK: Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok nyleg å setje av 10 millionar kroner til utviklingstiltak i reiselivsnæringa.
Frå potten skal 7 millionar kroner gå til å marknadsføre fylket som reisemål for norske turistar.
– Situasjonen for reiselivet er kritisk. Alle besøk frå utlandet er kansellerte, noko som gjer det ekstra vanskeleg for kommunar som har ein stor del tilsette i reiselivsnæringa. Men sidan mange nordmenn kjem til å droppe utanlandsferien i år, er dette også ei god moglegheit til å lokke flest mogleg til Møre og Romsdal for å sjå og oppleve alt det fantastiske som vi har å by på, seier leiar av kultur-, nærings- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter i ei pressemelding.
Dei resterande pengane skal gå til ei tilskotsordning som skal bidra til at reiselivsnæringa kjem styrkt ut av krisa.

Publisert: 05.05.2020 15:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27