NPK-NTB: Har du utført eit oppdrag utanfor den vanlege arbeidsstaden din? Da skal reisetida reknast som ein del av arbeidet, uansett kor lite du får gjort på vegen.
Det stadfesta Efta-domstolen måndag.
Domstolen har sett nærare på saka til ein norsk politimann som til vanleg arbeidde ved Gaular lensmannskontor i Sogn og Fjordane. I fleire tilfelle der han vart send ut på oppdrag andre stader i regionen, fekk han ikkje godkjent reisetida som arbeidstid.
Høgsterett bad i fjor Efta-domstolen om hjelp til å tolke EØS-lovgivinga på feltet.
Efta-domstolen slår no fast at reisetid er å rekne som arbeidstid når ein arbeidsgivar pålegg ein arbeidstakar å utføre oppgåver utanfor den faste eller vanlege arbeidsstaden.
Kor avslappande eller anstrengande reisa er, har ingenting å seie. Så lenge reisa er nødvendig for å få utført oppdraget, er den tilsette per definisjon i arbeid.
Det har heller ikkje noko å seie kor ofte den tilsette blir send ut på oppdrag utanfor den vanlege arbeidsstaden.

Publisert: 27.11.2017 20:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40