Kort fortalt

Rekeskal skal stoppe groing

Bedrift meiner dei har funne løysinga.

24.01.2018
NPK: Multimar AS i Haugesund meiner dei har funne opp eit middel som hindrar at det gror algar, skjel og anna på skip og andre undervasseiningar. Dei meiner òg at reiarlag vil bli langt meir miljøvennlege om dei tek det nye middelet i bruk.
– Eg har klokkartru på produktet etter å ha jobba med utviklinga i 20 år og sett kva det kan få til, seier gründer Rune André Fielding Falch i Multimar til
Multimar gjer rekeskal om til ei flytande, giftfri, væske dei har kalla Martic. Selskapet søkjer no om verdspatent på produktet og håpar å få patentsøknaden godkjent innan eit år.
Multimar konsentrerer seg om to bruksområde for det nye produktet, som eit tillegg til botnstoff på skip og båtar og til impregnering av oppdrettsnøter. Dei trur produktet vil gi positive utslag både for lønnsemda til reiarlaga og for miljøet.
– Når det gror på skipa, aukar drivstoffbruken kraftig. Ved å forhindre at det gror blir det brukt mindre drivstoff, og det gjer Martic både miljøvennleg og lønnsamt, seier Fielding Falch.
Når det gror på oppdrettsnøter, er det eit stort problem for oppdrettsnæringa. I dag nyttar ein kopar for å hindre at det gror på nøtene.
– Kopar er eit tungmetall som vi ikkje blir kvitt når det først kjem ut i miljøet. Det nye produktet er svært positivt og spennande og noko som bør testast ut for å finne ut om det er eit alternativ til koparbehandling, seier seniorforskar Bjørn Einar Grøsvik ved Havforskingsinstituttet til NRK.

Publisert: 24.01.2018 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40