Bondalseidet foto ogne
AUKA INNTEKTENE: Ørsta skisenter fekk rekordomsetning i fjor, viser rekneskapen. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Rekord for Ørsta skisenter

Men svekka lønnsemd i fjor.

Marius Rosbach
10.07.2023

Ørsta skisenter hadde inntekter på 4,3 millionar kroner i fjor, som er ny rekordomsetning. Lønnsemda gjekk samtidig ned samanlikna med det svært gode året i 2021.

Rekneskapen som no er offentleg viser eit overskot før skatt på knappe 330.000 kroner.

Skisenterselskapet som følgjer vanleg kalenderår, sysselsette eitt årsverk i fjor. Rekneskapen viser ein eigenkapital på 3,16 millionar ved utløpet av fjoråret. Samla gjeld var på knappe 3,2 millionar kroner.

Publisert: 10.07.2023 12:33

Sist oppdatert: 10.07.2023 12:33

Mer om