Nye investeringar paa Strandafjellet
STORE INVESTERINGAR: Stian Græsdal er dagleg leiar i Strandafjellet Skisenter AS, Stian Græsdal. Arkivfoto.
Nytt

Dobla gjelda på Strandafjellet

Tapte på skitrekk og servering i fjor.

Linn Antonie Vårdal Solheim
21.06.2023

Strandafjellet er ein populær destinasjon, sommar som vinter, og dei siste åra har Strandafjellet Holding satsa tungt på utviklinga av området. Skisenteret er ope heile året, og tek imot gjestar frå heile verda.

No er årsrekneskapane til tre av fire dotterselskap i Strandafjellet Holding klare. Tala gjenspeglar at vi har lagt ein snørik sesong bak oss, men at det ikkje er tilstrekkeleg for å sikre overskot.

Høge rentekostnader, dobla gjeld
Strandafjellet Skisenter As opererer med avvikande rekneskapsår med bakgrunn i selskapet si drift, og avsluttar sitt år i oktober.

Dei siste åra har det blitt investert betydelig i infrastruktur og tilbod for å forbetre opplevinga til gjestane. Skisenteret har 103 millionar kroner i langsiktig gjeld - over ei dobling på tre år - og hadde 2,4 millionar kroner i finanskostnadar, opp frå 1,7 millioner året før.

I fjorårets sesong var det mykje snø og gode forhold, og selskapet hadde eit positivt driftsresultat. Noko overskot blei det derimot ikkje, mykje grunna høge rentekostnader, og Stranda Skisenter enda opp med eit årsresultat før skatt på nesten ein million i minus.

Blodraudt for restaurantdrift
Stranda Restaurantdrift AS hadde ikkje eit godt år, og enda i 2022 med eit resultat før skatt på nesten 2,8 millionar i minus.

Bedrifta sysselsette 9 årsverk, og opna i 2021 Stova 1957, med kafe, bar, restaurant og møterom med konferanselokale. I tillegg driv Stranda Restaurantdrift AS restauranten på Roalden.

Auka inntektene med 53 prosent
Ein snørik vintersesong auka omsetninga for Stranda Skiservice AS i 2022. Samanlikna med fjoråret auka salsinntektene med 53 prosent. Selskapet enda i år som i fjor med eit positivt årsresultat.

Stranda Skiservice driv med utleige og service av skiutstyr på Strandafjellet, og har ingen fast tilsette. Dei baserer drifta si utelukkande på innleige av personell frå morselskapet, og kan på denne måten sikre seg mot store lønnskostnadar i sesongar .

Hyttesatsing ikkje klar
Rekneskapen for Blådalslia AS, som står bak utviklinga av eit nytt hyttefelt i fjellsida, er enno ikkje klar.

Utbyggingsprosjektet marknadsfører seg sjølv som ein heilårsdestinasjon, og frå salsstarten i 2021 til i dag har 40 av 55 hyttetomter blitt selde.

Lågare aktivitet i marknaden
I dag presenterte Eiendom Norge prisstatistikk for hyttemarknaden på Nordvestlandet, og melder om lågare finansieringsaktivitet i marknaden for fritidsbustader.

I ein kommentar skriv banksjef for privatmarknad i Nordvest i Nordea, Aage Christensen, at rente- og kostnadsaukene har påverka marknaden. Dei ventar at denne effekten vil tilta, og legge ein større dempar på aktiviteten enn det har gjort til no.

- I Nordvest ser vi at det er en tydelig trend på at flere vurderer salg av fritidseiendom. Spesielt gjelder dette fjellhyttene i områder som Bjorli, Stordal, Sykkylven og Hornindal som også viser lengre omsetningstid, skriv Christensen.

Strandafjellet Skisenter AS
Tal i mill. kroner
20222021
Driftsinntekter21,616,7
Driftsresultat1,30,2
Resultat før skatt-1,0-1,4
Strandafjellet Restaurantdrift AS
Tal i mill. kroner
20222021
Driftsinntekter6,9-----
Driftsresultat−2,7-1,4
Resultat før skatt−2,8

-1,4

Stranda Skiservice AS
Tal i mill. kroner
20222021
Driftsinntekter1,10,7
Driftsresultat0,150,04
Resultat før skatt0,10,04

Publisert: 21.06.2023 13:30

Sist oppdatert: 10.07.2023 12:19

Mer om