Kort fortalt

Rekordmange kvinner er uføretrygda

Flest i alderen 55-64 år.

08.05.2020
NPK-NTB: Heile 12,4 prosent av kvinnene i Noreg i alderen 18 til 67 år er no uføretrygda. Til samanlikning får 8,4 prosent av menn i Noreg uføretrygd.
I alt fekk 355.000 personar her i landet uføretrygd ved utgangen av mars. Det er ein auke på 3.000 personar sidan årsskiftet, og delen uføretrygda blant folk i yrkesaktiv alder er no 10,4 prosent.
Nav seier kvinnedelen er historisk høg.
– Prosentdelen av folket som får uføretrygd, er no på nivå med toppåra 2003 og 2004. Det er særleg mange kvinner i alderen 55–64 år som får uføretrygd, seier Nav-direktør Sigrun Vågeng.
Flest fekk uføretrygd i Agder (13,9 prosent), Nordland (13,7 prosent) og Innlandet (13,6 prosent). Færrast får uføretrygd i Oslo, der delen er 6 prosent.

Publisert: 08.05.2020 11:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27