Kort fortalt

Rema tapte terreng

Rema 1000 vart marknadstapar i 2017.

27.02.2018
NPK-NTB: Rema 1000 svekte sin posisjon i den norske daglegvaremarknaden med 0,99 prosentpoeng i 2017. Coop-kjeda Extra var vinnaren.
Rema hadde ein marknadsdel på under ein firedel – 23,4 prosent – ved utgangen av 2017 etter ei svekking på 0,99 prosentpoeng, ifølgje . Tala er henta frå ein fersk analyse frå Nielsen. Utviklinga underbyggjer inntrykket frå fleire undersøkingar i fjor som viste at kundane sterkt mislikte den nye marknadsstrategien til daglegvarekjeda.
Rema 1000s marknadsdel har ikkje vore lågare sidan 2013. Gjennomsnittsomsetninga per butikk fall frå 74 og ned mot 71 millionar kroner.
Fasiten for fjoråret viser at det var Coops lågpriskjede Extra – dei fleste av butikkane omprofileringar frå Prix-kjeda – som vart vekstvinnaren, ifølgje . Coop samla tok ytterlegare 0,3 prosentpoeng av marknaden og hadde ein marknadsdel på 29,7 prosent ved utgangen av 2017.
Norgesgruppen hadde størst marknadsdel ved utgangen av fjoråret. Dei hadde 43,1 prosent av den norske daglegvaremarknaden etter ein auke på 0,79 prosentpoeng.
Bunnpris har ein marknadsdel på 3,8 prosent, etter å ha falle tilbake 0,1 prosentpoeng.
Lågprissegmentet auka mest og utgjorde nesten to tredelar – 65,7 prosent – av marknaden då 2018 tok til.

Publisert: 27.02.2018 15:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39