Kort fortalt

Renta på kredittkort stig

Opp to prosent i år.

14.08.2020
NPK-NTB: Renta på kredittkortgjeld har auka nesten 2 prosentpoeng i år. Dette sjølv om styringsrenta er null og bustadlånsrenta er godt under 2 prosent.
Sjølv om bustadlånsrenter, innskotsrenter, pengemarknadsrenter og styringsrenta har falle kraftig i år, er gjennomsnittsrenta på kredittkortbruk opp nesten 2 prosentpoeng, skriv Finansavisen.
– Dette er svært overraskande ut frå utviklinga i det generelle rentenivået, og ein indikasjon på at prisdanninga i marknaden for forbrukslån følgjer andre mønster enn for bustadlån, seier fagansvarlig Elisabeth Realfsen i Finansportalen.
Renta på kredittkortgjeld har auka frå ei snittrente på 18 prosent i januar til 19,73 prosent i juli.
For forbrukslån er gjennomsnittsrenta no 14,3 prosent. Dette er ned eit halvt prosentpoeng frå januar.
Så langt i år har usikra gjeld falle med 7 prosent, viser tal frå Norsk Gjeldsinformasjon (Finans Norge) og Gjeldsregisteret (Evry).

Publisert: 14.08.2020 08:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25