Vi 04
PALLEFABRIKK: Rekordår i fjor for Møre Palleservice. Foto: Møre Palleservice
Kort fortalt

Rett opp for pallefabrikk

Møre Palleservice med rekordomsetning og rekordresultat.

15.05.2023

Eidsnes-selskapet Møre Palleservice vart starta opp i 2005 og produserer og leverer alle typer tre-emballasje .

I fjor hadde selskapet sitt beste år nokon gong, med ein auke i omsetninga med 11,1 millionar kroner til totalt 89,0 millionar.

Resultatet før skatt enda på solide 20,3 millionar kroner, 8,4 millionar kroner betre enn i 2021.

Selskapet har siste åra vakse kraftig, og passerte i 2020 50 millionar kroner i omsetning for første gong.

Møre Palleservice har eigne lastebilar som leverer treemballasjen, om det er behov for det.

Selskapet sysselsette i fjor 18 årsverk.

Eigenkapitalen er på 16,3 millionar kroner, og den langsiktige gjelda null.

Eigarane Kjell Inge Hunhammer og Ina Petrenko kan for fjoråret fordele eit utbyte på fem millionar kroner.

Møre Palleservice
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 89 77,9
Driftsresultat 20,3 11,6
Resultat før skatt 20,3 11,9

Publisert: 15.05.2023 13:54

Sist oppdatert: 15.05.2023 13:55