Leif Røv Åsmund Vaage foto Ogne
VINDKRAFTSATSING: Dei siste åra har Vertikal Service satsa på oppdrag både for vasskraft- og vindkraftindustrien. Åsmund Vaage (t.h.) grunnla selskapet i 2003 og er største aksjonær. Til venstre Leif Røv, som leier vindkraftssatinga til selskapet, som presenterte seg under Næringskonferansen i Ørsta i fjor. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Rett til værs for høgdespesialistar

Meir enn dobla omsetning, rekordresultat og solid utbytte.

08.03.2024

Vertikal Service hadde eit superår i fjor med kraftig vekst i inntekter og overskot, ifølgje Sunnmørsposten.

Inntektene auke frå 89 til meir enn 220 millionar kroner, viser 2023-rekneskapen. Samtidig auka resultatet før skatt frå minus til pluss 33,9 millionar kroner.

– Fjoråret blei eit ekstraordinært godt år for selskapet, noko resultatet ber preg av. 2023 var eit år der vi var på rett plass til rett tid, seier administrerande direktør Stine Veie Haug til avisa.

Vertikal Service leverer ulike tenester og utstyr innan inspeksjon og tilkomstteknikk til land- og offshorebasert industri, og vindkraftindustrien har vore ein vekstmarknad dei siste åra.

Eigarane tek ut om lag 22 millionar kroner i utbytte etter rekordåret i fjor. Selskapet som i 2023 hadde vore 20 år i bransjen, har lagt bak seg fleire år med kraftig vekst. Dei har også auka staben frå 99 til 135, ifølgje årsmeldinga for 2023.

Vertikal Service har hovudkontor i Volda, og avdelingskontor i Stavanger, Egersund, Drammen og Trondheim.

Publisert: 08.03.2024 13:42

Sist oppdatert: 08.03.2024 13:42

Mer om