Kort fortalt

Riksrevisjonen: Yrkesfagleg opplæring sviktar

Over 9.000 søkjarar fekk ikkje læreplass i 2015.

10.05.2016
(NPK-NTB): – Opplæringstilbodet innan yrkesfag er ikkje godt nok, fastslår riksrevisor Per-Kristian Foss.
I 2012 inngjekk styresmaktene og partane i arbeidslivet samfunnskontrakten for fleire læreplassar. Eit viktig mål var å auke talet ny læreplassar med 20 prosent innan 2015. Riksrevisjonen fastslår at auken berre har vore på 8 prosent, mens talet på søkjarar har auka. Prosentdelen søkjarar som får læreplass, er dermed redusert.
– Over 30 prosent av alle søkjarar fekk ikkje læreplass i Noreg i 2015, heiter det i rapporten frå Riksrevisjonen som vart lagt fram tysdag. (©NPK)

Publisert: 10.05.2016 13:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46