NPK: Nesten kvar månad blir ein av lærlingane på fiskebåtane her i landet skadd, viser ein fersk oversikt.
Eit oversyn har fått frå Sjøfartsdirektoratet viser at det i perioden frå mai 2016 til utgangen av 2017 blei registrert 15 personskadar blant fiskebåtlærlingane. Meir enn halvparten av ulykkene blir karakteriserte som alvorlege.
– Talet på nestenulykker auka kraftig i fjor. Dette heng nok saman med at vi har teke til å registrera ikkje-rapportpliktige hendingar som nestenulykker, seier rådgjevar for risikostyring og HMS i Sjøfartsdirektoratet Vegar Berntsen til avisa.
Dei fleste ulykkene skjedde på store fartøy på ope hav, og lærlingar som arbeider på dekk er spesielt utsette. Men også lærlingar som arbeidde i fryserom, verkstad og tekniske rom skada seg.
Reingjering med kjemikaliar blir òg nemnt som ein risikofylt aktivitet for lærlingar på fiskebåtar.

Publisert: 23.02.2018 14:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39