(NPK-NTB): Innbyggjarar i sju romsdalskommunar føretrekkjer Romsdalsaksen framfor Møreaksen som alternativ til ferjefri E39.
I ei undersøking der 1.000 personar er blitt spurde om kva for eit alternativ dei føretrekkjer, svarer 43 prosent Romsdalsaksen. 36 prosent seier dei heller vil ha Møreaksen, skriv .
Undersøkinga er utført av Norstat på oppdrag frå Romsdalsaksen AS. Begge løysingane inneber altså ferjefri E39 frå Ålesund i sør, via Molde til Kristiansund.
Begge alternativa inneber fleire bruer, men med Møreaksen inngår ein undersjøisk tunnel som skal avløyse ferjestrekninga Molde-Vestnes i Moldefjorden.
Pressetalsmann Terje Tovan i Romsdalsaksen meiner Møreaksen er eit godt døme på kor gale samferdselsplanlegging kan gå:
– Ein 16 kilometer lang undersjøisk tunnel med stiging på 430 meter, trafikkmaskin gjennom idylliske sentrumsområde på tre mil og nesten tre gonger så kostbart, seier Tovan.
Romsdalsaksen er ein underskriftsaksjon frå innbyggjarane i Vestnes. Håpet deira er å greie ut deira oversjøiske alternativ som inneber ny fjordkrysning over Romsdalsfjorden.
Ifølgje Tidens Krav står likevel eit samla ordførarkorps frå Herøy i sør til Molde i nord bak Møreaksen som alternativ. I eit brev til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen ber dei om at Møreaksen og også brusambandet Hafast over Sulafjorden på Sunnmøre blir teke inn i Nasjonal Transportplan.

Publisert: 04.01.2017 05:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43