
Russisk militærskip skaut mot fiskebåt
– Det smell kraftig i skroget vårt og ristar, seier skipperen om dramatisk hending i nord.
Fiskebåten MS Ragnhild Kristine opplevde nyleg at eit russisk militærskip skjaut varselskot mot dei under øving, skriv Frifagbevegelse.no.
Tvillingbrørne Øystein og Torstein Orten var begge om bord i den store sjarken til Orten Fiskeriselskap på Aukra da hendinga skjedde 12. september. Båten var i norsk økonomisk sone, nord for Vardø i Barentshavet.
Mannskapet hadde sett liner då de fekk beskjed frå den russiske destroyeren om å forlate området fordi det gjekk før seg ei skyteøving.
Nordmennene svarte at det ikkje kom på tale, fordi de var midt i fiske, og at russarane måtte finne en anna plass å skyte.
– Då kjem krigsskipet mot oss i full steam. Skipet legg seg 200 meter frå oss med breisida til. Det er lett truande kan du seie. Dei skrur på tyfon-tåkeluren i rundt 15 sekund for få merksemda vår. Så skyt han med ein kanon ein eller anna plass i sjøen. Det smell kraftig i skroget vårt og ristar, fortel Øystein Orten til nettavisa.
Båten blei ikkje treft direkte, og Orten trur det blei brukt ein sokalla «kald» granat, som hamna i vatnet. Etter skyteepisoden blei fiskebåten samde om å gå vestover – under «frivillig tvang», som Orten kallar det.
Det russiske krigsskipet var ein del av «Ocean 24», som skal vere den største øvinga i sitt slag på 30 år.
Publisert: 24.09.2024 09:21
Sist oppdatert: 24.09.2024 09:21