Geir Holmeset foto Holmeset 11
DROPPAR RUSSLAND: Til vanleg har autolinebåten Geir toppsesong for hyse i russisk sone. No unngår reiarlaget å krysse delelinja. Foto: Holmeset
Nytt

– Vi tør ikkje, rett og slett

Ålesund-reiarlag har ikkje vore i russisk sone sidan invasjonen. Blir åtvara av forsikringsselskap.

14.10.2022

(NPK-NTB): Norske fiskebåtar droppar fiske i den russiske delen av Barentshavet fordi fleire forsikringsselskap åtvarar mot å krysse delelinja, skriv Fiskeribladet.

Trekte seg ut etter invasjonen
Reiarlaget H.P. Holmeset i Ålesund opplyser til avisa at dei trekte seg ut av russisk sone få dagar etter at Russland invaderte Ukraina, og ikkje har vore tilbake sidan.

– Vi tør ikkje, rett og slett. Utfordringa vår er at vi nærast blir åtvara mot å dra inn dit av forsikringsselskapet. Dei kan ikkje hjelpe oss dersom vi treng hjelp, seier Kjetil Holmeset i reiarlaget.

Han er skipper på autolinebåten «Geir» og medeigar i reiarlget - saman med sine to brør.

Ber risikoen sjølv
Forsikringsselskapet Havtrygd fortel at fiskebåtar som blir ramma av sanksjonar frå russisk eller vestleg side, ber risikoen sjølv.

– Vi kjenner ikkje utviklinga time for time. Det som var greitt i går kan vere ugreitt i dag. Verken norske reiarar eller forsikringsselskap greier å halde seg hundre prosent oppdaterte på sanksjonar, seier administrerande direktør Per Magne Strandborg.

Også andre selskap, som Granne og If, frårår fiske i russisk sone.

(©NPK)

Publisert: 14.10.2022 13:22

Sist oppdatert: 14.10.2022 13:35

Mer om