Kort fortalt

Rydda 2.400 snøkrabbeteiner

Storopprydding i Barentshavet.

31.08.2020
(NPK): 2.400 snøkrabbeteiner, over 100 kilometer med tauverk og meir enn 50 tonn marint søppel er fjerna frå havbotnen i Barentshavet, opplyser Fiskeridirektoratet.
Etter 11 døgn på snøkrabbefeltet i Barentshavet, kjem det innleigde oppreinskingsfartøyet M/S «Vendla» tilbake frå storopprydding. 85 prosent av dei 2.400 snøkrabbeteinene som er plukka opp, kjem frå Svalbardsona, skriv .
Nokre av teinene som er fjerna, har stått i 3 år. Ein har ikkje kunnskap som seier noko om mengda som blir fanga i spøkelsesfiske gjennom året, eller kor lang tid det går før fangsten døyr. Det er òg registrert død sel og kval.
– 13.000 snøkrabber er sleppt tilbake i havet, men mange krabbar har vore innestengde, gått delvis i oppløysing og døydd. Det blir jobba med løysingar som gjer teinene ufiskbare etter tap, slik som det er innført i hummarfiske. Dette er noko meir komplisert på snøkrabbeteiner, men vil komme, seier toktleiar Gjermund Langedal i Fiskeridirektoratet.
(©NPK)

Publisert: 31.08.2020 12:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25