Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen besøker Beijing og Shanghai i slutten av oktober. Samstundes skal fiskeriminister Harald T. Nesvik delta på Asias si største fiskerimesse i Qingdao og møte kinesiske motpartar i Beijing.
Hovudformålet med reisene er å stadfeste at Kina fortsetter å vere ein særs viktig marknad for norske verksemder, heiter det i ei frå nærings- og fiskeridepartementet.
Næringsministeren er i Kina frå 30. oktober til 1. november og skal møte den kinesiske næringsministeren, og delta på norsk næringsliv si kraftsamling i Shanghai, Norway Asia Business Summit (NABS).
Fiskeriministeren besøker Kina frå 28. til 30. oktober, for å promotere norsk sjømat og norske sjømateksportørar. Han vil mellom anna delta på China Fisheries i Qingdao.
– Eg er nøgd med den positive utviklinga i eksporttala for Kina og særlig ser fram til å vere tilstade på messa i Qingdao. Det er ei av dei største i verda i sitt slag, og bidrar til å synleggjere norske produsentar og eksportørar. Eg vil også møte kinesiske motpartar for å halde fram arbeidet med å sikre føreseielege rammer og for å auke eksporten av sjømat til Kina, utaler fiskeriminister Harald T. Nesvik (FrP).

Publisert: 19.08.2019 08:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33