Kort fortalt

Rømt oppdrettstorsk har spreidd seg

Undersøking etter stor rømming, konkluderer med avgrensa effekt lokalt.

09.04.2025

Ein rapport frå Havforskningsinstituttet konkluderer med at effekten av at kring 87.000 torsk rømde frå eit Ode-anlegg i Voldsfjorden, så langt ser ut til å vere avgrensa i det lokale område.

Det melder NRK Møre og Romsdal

– Rømt torsk har likevel overlevd og spreidd seg i Voldsfjorden og nærliggande fjordsystem. Det kan derfor ikkje utelukkast at gyting saman med vill torsk kan skje dei neste åra, heiter det i rapporten. 

392 torsk blei samla inn og 92 av desse blei ut frå DNA-analysar klassifisert som oppdrettstorsk, 140 som villtorsk, medan 160 torsk ikkje lét seg klassifisere.

Av 562 innsamla egg blei 233 klassifisert som torskeegg. Eitt av desse egga, som blei samla inn frå Leikongvika på Gurskøya, stamma frå oppdrettstorsk, medan resten var egg frå vill torsk, skriv kanalen. 

Publisert: 09.04.2025 13:51

Sist oppdatert: 09.04.2025 13:51

Mer om