Kort fortalt

Saksøker tidlegare leiar av byggefirma

Til sak mot leiinga i firma som gjekk konkurs.

27.05.2020
Eit par frå Herøy som fekk bygd seg nytt hus, krev over 1,1 million kroner i erstatning frå ein tidlegare dagleg leiar i eit byggefirma som gjekk konkurs, ifølgje .
Det kjem fram i sluttinnlegg partane har sendt Søre Sunnmøre tingrett i samband med saka som går for retten denne veka.
Paret reklamerte på det dei meiner var ein rekkje manglar ved eit nybygd hus, som ikkje var utbetra då firmaet melde oppbod. Dei har difor teke ut søksmål etter reglane om styreansvar, som også omfattar den daglege leiaren.
Den saksøkte avviser kravet og advokaten vil kreve frifinning.
Også ein tidlegare styreleiar var omfatta av søksmålet, men partane har funne ein utanomrettsleg løysing på den delen av saka, ifølge avisa.

Publisert: 27.05.2020 11:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26