Kort fortalt

Saksøkt i krangel om Vard-skip

Solstad ventar at kravet blir avvist.

Marius Rosbach
25.08.2021

Reiarlaget Solstad Offshore opplyser i rapporten for 2. kvartal at dei er stemna av selskapet M. Y. F Maximus Limited i samband med krangelen om skipet Normand Maximus.

Tidlegare i år melde reiarlaget at den juridiske prosessen var i gong, og at dei på det tidspunktet ikkje var part i den. Reiarlaget legg til at dei trur søksmålet blir avvist.

Kjempeskipet blei levert frå Vard Brattvåg i 2016, og hadde ein prislapp på meir enn to milliardar kroner.

Krangelen oppstod som følgje av at oljeserviceselskapet Saipem avslutta ei langtidskontrakt dei hadde på skipet

Solstad Offshore kravde 44,3 millionar dollar i gebyr i etterkant, og i mai blei det klart at reiarlaget får kompensert 96 prosent av dette.

Publisert: 25.08.2021 14:20

Sist oppdatert: 25.08.2021 15:48

Mer om