Nordman Maximus foto Solstad Offshore
OFFSHOREKJEMPE: Norman Maximus er det største offshoreskipet bygd ved eit norsk verft, men har vore følgt av uheldige episodar. Foto: Solstad Offshore.
Nytt

Får 400 millionar etter kontraktsbrot

Solstad-selskap med gjennomslag i krangelen om rekordskip frå Vard.

Marius Rosbach
20.05.2021

Torsdag er det klart at ein krangel om det rekordstore Vard-bygde skipet Normand Maximus, er fått ei ende.

Dotterselskapet til Solstad-reiarlaget Normand Maximus Operations Limited vil få 48,2 millionar dollar – eller drygt 400 millionar kroner som følgje av avtalen, opplyser reiarlaget i ei børsmelding.

Terminerte leigeavtale
Krangelen oppstod som følgje av at oljeserviceselskapet Saipem avslutta ei langtidskontrakt dei hadde på skipet

Solstad Offshore kravde 44,3 millionar dollar i gebyr i etterkant. Avtalen som blei gjort offentleg torsdag, betyr at reiarlaget har fått kompensert 96 prosent av denne summen.

Ein dialog om ein langsiktig utleigeavtale på skipet, er framleis pågåande, opplyser reiarlaget.

Rekordskip, men følgt av uhell
Det nær 178 meter lange og 33 meter breie Normand Maximus er det største offshoreskipet som er bygd ved eit norsk verft. Skipet var også det dyraste skipet Vard-konsernet hadde bygd, inntil oppdraget med Kjell Inge Røkke sitt Rev Ocean-skip kom inn i ordreboka.

Skipet har vore følgt av uheldige episodar. Allereie under bygging i Brattvåg-verftet sleit skroget seg under ekstremveret «Tor» i 2016. Seinare blei leveringa forseinka, og prislappen skal til slutt å ha kome på kring tre milliardar kroner.

I 2017 skjedde ei dødsulukke om bord då skipet var utanfor kysten av Brasil. Ein tilsett i oljeserviceselskapet Baker Hughes mista livet under trykktesting av anlegget som førte gass om bord frå eit oljefelt.

Publisert: 20.05.2021 15:24

Sist oppdatert: 20.05.2021 15:45

Mer om