Litt betre for Solstad Offshore
Taper framleis pengar, men ser betring spesielt innanfor offshore vind.
Offshoreselskapet Solstad Offshore segla i første kvartal inn 1337 millionar kroner, mot 1203 millionar kroner i første kvartal i fjor.
Resultatet før skatt enda på minus 308 millionar kroner, mot minus 2245 millionar i same kvartal i fjor.
Det går fram av kvartalsrapporten.
Solstad Offshore | ||||
Resultat 1. kvartal (i mill kr) | 2021 | 2020 | ||
Driftsinntekter | 1337 | 1203 | ||
Driftsresultat | 47 | 136 | ||
Resultat før skatt | -308 | -2245 |
Samstundes er den renteberande gjelda redusert frå 33,9 til 19,5 milliardar kroner.
I tala for 1. kvartal ligg også kompenasjonen på 44,5 millionar US dollar frå Saipem for det Vard-bygde skipet Normand Maximus.
Solstad har no 75 skip i aktiv drift, opp med to frå siste kvartal. Selskapet skriv at marknaden er krevjande både for PSV-ar og ankerhandlarar, men at det er auka aktivitet og betre rater for skip som opererer innanfor offshore vind.
Selskapet har no seld åtte av totalt 35 skip som er klassifiserte som ikkje-strategiske.
Publisert: 25.05.2021 17:40
Sist oppdatert: 25.05.2021 18:03