NPK-NTB: Den 24 år gamle Salmar-arvingen Gustav Magnar Witzøe tar over formuestoppen i Noreg, solid framfor gamle travarar som Trond Mohn og Kjell Inge Røkke.
24-åringen Gustav Magnar Witzøe frå Frøya i Trøndelag er oppført med ein formue på 11,14 milliardar kroner i skattelistene som vart lagt fram fredag. Det er ein auke på 1,3 milliardar kroner frå året før, skriv fredag.
Witzøe og familien har ein eigardel i oppdrettskjempa Salmar på 53,4 prosent. Aksjen steig med over 75 prosent i 2016.
Laksearvingen er dermed gått forbi den rikaste i fjor, Bergens-investoren Trond Mohn, som fell til ein tredjeplass på lista i år. Mohn er oppført med 9,4 milliardar i formue. På andreplass kjem finansmannen Kjell Inge Røkke, med 11,10 milliardar kroner.
På fjerde- og femteplass kjem tobakksarvingane Katharina Gamlemshaug Andresen og Alexandra Gamlemshaug Andresen, med høvesvis 7,73 og 7,72 milliardar kroner i formue.

Publisert: 27.10.2017 09:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41