Samde med britane om fiskeriavtale
Avtale på plass for 2024.
(NPK-NTB): Noreg har inngått ein bilateral avtale med Storbritannia for 2024 som inkluderer gjensidig tilgang til å fiske i dei økonomiske sonene til kvarandre.
Avtalen inneheld også byte av fiskekvotar.
– Storbritannia er ein sentral partnar for Noreg når det gjeld samarbeid om fiskeri og havpolitikk. Forhandlingane har også i år gått føre seg i ein open og konstruktiv tone, og stadfestar at det bilaterale samarbeidet vårt er nært og godt, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap).
I avtalen for 2024 har partane ført vidare den gjensidige tilgangen til å fiske 30.000 tonn botnfisk i sona til kvarandre. Dette er same nivå som i år.
Partane har i tillegg avtalt eit avgrensa kvotebyte. Kvotane som Noreg byter til seg, er særleg retta mot å vareta tradisjonelt norsk fiske i britisk sone vest av Skottland.
(©NPK)
Publisert: 18.12.2023 12:39
Sist oppdatert: 18.12.2023 13:17