Kort fortalt

SAS framleis størst

Slår Norwegian hårfint på passasjerar.

11.01.2017
(NPK-NTB): I alt 29,4 millionar passasjerar valde å reise med SAS i 2016. Dermed beheldt selskapet posisjonen som det største flyselskapet i Skandinavia.
SAS la onsdag fram sine tal for desember 2016, der det blei ein sluttspurt med drygt to millionar passasjerar, ein oppgang på 10,5 prosent frå same månad året før. Ifølgje nyheitsbyrået Ritzau var det SAS' beste desembermånad nokon gong.
Det totale talet for 2016 er så vidt framfor konkurrenten Norwegian, som voks betydeleg i fjor og frakta til saman 29,3 millionar reisande.
Fyllingsgraden for SAS i desember var på 72,2 prosent, opp 4,1 prosentpoeng frå same månad i 2015. Men yielden, det vil seie kor mykje selskapet tener per passasjer per kilometer, sokk med 11 prosent, og passasjerinntektene per setekilometer gjekk ned med 6 prosent.
SAS skriv i sin rapport at flypassasjeravgifta i Noreg har bidratt til at marginane har gått ned. Dessutan har prisane på drivstoff gått opp, mens den svenske krona har svekt seg mot amerikansk dollar.

Publisert: 11.01.2017 12:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43