Kort fortalt

Seks av ti støttar gjenopningsplanen

Ein av fire synst det går for fort.

11.05.2020
NPK-NTB: 63 prosent av dei spurde i ei ny undersøking meiner regjeringa opnar landet i riktig tempo. Berre éin av fire meiner det går for fort.
Dei fleste er òg positive til at fotballen skal byrje å rulle igjen, og at eliteseriekampar kan spelast frå 15. juni, viser målinga frå Opinions . 69 prosent støttar dette, medan 64 prosent støttar opninga av treningssentera.
Tre av fire støttar at det blir mogleg at 20 personar kan samlast privat, og omtrent like mange at serveringsstader utan matservering kan opne og at 50 personar kan samlast på offentleg stad. Rundt sju av ti støttar at karanteneplikta går ned til ti dagar og at alle skular opnar denne veka.
Berre 12 prosent av dei 1.300 spurde meiner at opninga går for sakte.

Publisert: 11.05.2020 21:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27