Kort fortalt

Semje for 7.500 industriarbeidarar

Tariffavtale i elektrokjemisk industri.

16.09.2020
NPK-NTB: Industri Energi og Norsk Industri vart natt til onsdag samde i dei sentrale tarifforhandlingane for elektrokjemisk overeinskomst.
Oppgjeret omfattar i overkant av 7.500 medlemmer i fagforbundet Industri Energi som er tilsette i industrikonserna Hydro, Elkem, Yara, Eramet, Glencore, Bilfinger og Alcoa.
– Vi er fornøgde med at vi kom i mål med eit oppgjer som regulerer lønnssatsar og skifttillegg i tråd med rammene frå frontfaget, samtidig som det gir oss viktige tariffpolitiske gjennomslag, seier forhandlingsleiar Frode Alfheim i ei pressemelding.
Skiftarbeidarane får 4 prosent meir i skifttillegg, medan overtidssatsane blir opp justerte med 2,4 prosent. Fagforeininga fekk i den sentrale forhandlinga òg gjennomslag for kjønnsstilpassa arbeidstøy og vernekle.
– Kjønnsstilpassa arbeidstøy og vernekle har vore eit veldig tydeleg krav frå medlemmene våre og det er vi stolte over å no endeleg ha fått på plass, seier Alfheim.
Den elektrokjemiske semja er ein minstelønnsavtale og det skal òg gjennomførast lokale forhandlingar.

Publisert: 16.09.2020 07:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25