NPK-NTB: Norwegian opplyser i ei børsmelding natt til måndag at det er oppnådd semje mellom flyselskapet og leasingselskapa som dei leiger fly av.
Søndag kunngjorde Norwegian at det hadde fått alle dei fire långivargruppene med på redningsplanen sin. Men framleis stod det att å komme til semje med leasingselskapa før den ekstraordinære generalforsamlinga måndag.
Natt til måndag la selskapet ut ei der det går fram at det òg har vorte semje med leasingselskapa.
– Selskapet har fått sterk støtte frå både obligasjonseigarar og leasingselskap, og styret har derfor oppdatert forslaget til vedtak for den ekstraordinære generalforsamlinga slik at denne semja blir spegla og innsnevrar dei potensielle resultata for aksjonærane, skriv Norwegian i børsmeldinga.
På generalforsamlinga som skal haldast klokka 8.30 måndag morgon, blir det avgjort om Norwegians aksjonærar vil godta redningsplanen. Her må dei ta stilling til ein emisjon, det vil seie at det blir skrive ut fleire aksjar. Det vil innebere at den noverande eigardelen deira på 100 prosent blir reduserte kraftig til rundt 5 prosent. Redningsplanen må ha to tredels fleirtal på generalforsamlinga.
Norwegian-leiinga har i vekevis arbeidd intenst med korleis dei skal skaffe nok eigenkapital til å kunne utløyse statlege kriselån på 2,7 milliardar kroner. Eit avgjerande ledd i planen har vore å få eigarane av obligasjonslån med på at delar av låna blir gjorde om til aksjar.

Publisert: 04.05.2020 07:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27