Kort fortalt

Sesongarbeidarane kan kome

Opnar for utlendingar i landbruket.

06.05.2020
NPK-NTB: Regjeringa har vedteke å opne for at alle utanlandske sesongarbeidarar som skal arbeide i landbruket, kan reise inn i Noreg.
– Eg er glad for at vi no vil få gjort endringar i regelverket som inneber at sesongarbeidarar frå land utanfor EØS som skal arbeide i landbruket, kan komme til Noreg, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).
– Dette er viktig for næringane våre. Det er mange produsentar som i mange år har nytta seg av sesongarbeidarar frå tredjeland. No opnar vi for at arbeidsgivarar kan få den arbeidskrafta dei treng, seier ho.

Publisert: 06.05.2020 18:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27