(NPK): – Det har aldri blitt produsert meir straum i Noreg på eitt år enn i 2016, seier vassdrags- og energidirektør Per Sanderud.
Sjølv om 2016 enda opp med å bli tørrare enn dei to føregåande åra, hadde det norske kraftsystemet ein rekordproduksjon på heile 148,8 TWh, opplyser Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE.
Den høge vasskraftproduksjonen kombinert med ein relativt turr haust førte til at den norske magasinfyllinga låg under normalnivå på slutten av året. I Midt-Noreg var det mindre vatn i magasina enn i resten av landet.
– Kaldt vêr og avgrensa importkapasitet frå både Nord-Noreg og Sverige resulterte i at magasinfyllinga i Midt-Noreg på det meste låg 4,2 prosentpoeng under historisk minimum, opplyser Sanderud.

Publisert: 19.01.2017 15:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42