Kort fortalt

Silda navigerer etter lyset

Det viser ny forskning.

27.04.2020
NPK: I motsetnad til ål og hyse, navigerer ikkje silda med magnetisme, men med lys, viser ny forsking.
Ved å simulere jorda sine magnetfelt i ein spesialtank, har forsking tidlegare vist at hyselarvar ikkje berre haikar med straumen. Dei sym nordvest ved hjelp av eit innebygd kompass.
No er retningssansen til sida også testa.
– Når vi manipulerer himmelretningane i magnettanken, sym sildelarvane på måfå. Dei viser ikkje teikn til å ha noko innebygd kompass, forklarer havforskar Alessandro Cresci på nettsida til
Når sildelarvane vert plassert i eit gjennomsiktig kammer som driv fritt i sjøen, sym dei derimot sørover mot sola.
På solrike dagar sumde gjennomsnittssilda sørover, mot gjennomsnittsvinkelen til sola. På overskya dagar, heldt dei ein mindre presis kurs søraust. Resultata er publiserte i ein artikkel i Journal of Experimental Marine Biology and Ecology.
Larvane i eksperimentet stamma frå sild som er samla inn utanfor Bergen.
– Silda i Sør-Noreg gjer ikkje store vandringar, som silda i nord. Trangen til å symje søraustover, kan vere til for å motverke at kyststraumen tar dei med seg vekk frå fødestaden, forklarar Cresci.
Forskarane vil finne ut meir om årsakene og følgjene av den søraustlege symjeretninga.

Publisert: 27.04.2020 12:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28